Familieliv og sosialt liv mellom skiftarbeidarar
Etter måten fåe arbeidstakarar i petroleumssektoren meiner at skiftarbeidet påverkar familien og det sosiale livet deira. Flest alle meiner at dei har nok tid til både seg sjølv og familien, med både partnar og born attåt vener. Men trass i eit slikt positivt resultat ser ein at det er individuelle skilnader mellom dei tilsette og mellom ulike skiftordningar.
Petroleumsindustrien er avhengig av kontinuerleg produksjon, og dette fører med seg at ein treng kontinuerlege skiftordningar. Det er kjent at skiftarbeid, og då særleg nattarbeid, påverkar helsa, men det finst mindre kunnskap om korleis skiftarbeid påverkar familie og sosialt liv.
For å få meir kunnskap på feltet har forskarar på STAMI (Statens arbeidsmiljøinstitutt) granska dette tilhøvet i den norske petroleumssektoren; både på land og sokkel. Vidare er det sétt på kva meistringsstrategiar og individuelle skilnader har å seia for handtering av sjølvrapporterte vanskar knytte til familie og sosialt liv.
Skiftarbeidet påverkar lite
Resultata synte at etter måten fåe deltakarar i studien meinte at skiftarbeidet påverka familien og det sosiale livet deira, og mange rapporterte om å ha nok tid til seg sjølv, partnar, born, nær familie og vener.
Det var likevel, trass i dette positive funnet, skilnader mellom skifttype. Dei som jobbar éin periode dag og éin periode natt (7D/7N) offshore, og tilsette på landanlegg, skåra høgast på problem knytte til familie og sosialt liv. Samanlikna med tilsette offshore, oppgav de landtilsette å ha mindre tid til seg sjølv, partnar, familie, vener og born.
Det er likevel ikkje dimed sagt at tilsette på landanlegga synest dette er vanskelegare enn resten av den vanlege arbeidsstokken som jobbar skift. Når det gjeld dei offshoretilsette, kan dei etter måten høge skårane koma av nattarbeid, og at dei treng tid til å henta seg inn etter eit døgerskifte.
Meistringsstrategiar
Vidare var det skilnader mellom individuelle tilhøve som locus of control og bruk av meistringsstrategiar.
Locus of control viser til kva ein person meiner valdar hendingar i livet. Ein person med ein indre locus of control vil meina at eiga åtferd og handling påverkar stoda, medan ein person med ytre locus of control vil tyda ut hendingar som ei fylgje av lagnad, heppe eller tilfelle.
Personar i studien med indre locus of control rapporterte færre vanskar knytte til familie og sosialt liv, og til det å ha nok tid til familie og vener.
Ålment kan ein seia at dei aktive, problemfokuserte meistringsstrategiane, som problemløysing og å søkja sosial stønad, høver best til å meistra stoder der ein sjølv har høve til å påverka utfallet. I denne studien fann ein likevel at desse meistringsstrategiane ikkje var knytte til det å ha nok tid til sine næraste. Derimot var meistringsstrategien problemløysing knytt til det å ha vanskar med familie og sosialt liv. Dette kan koma av vitugt bruk av meistringsstrategi; at nett dei som røyner vanskar, nyttar denne strategien.
Få vanskar knytte til familie og sosialt liv
Årsaka til at ein ikkje finn fleire sterke tilknytingar mellom desse positive meistringsstrategiane og familie og sosialt liv, kan vera at det er få som synest familieliv og sosialt liv er vanskeleg når dei jobbar skift, og at dei difor ikkje treng å nytta meistringsstrategiar. Ei onnor uttyding kan vera at dei ikkje tykkjer dei har kontroll over stoda, og difor ikkje finn det formålstenleg å nytta desse strategiane.
Aktive, problemfokuserte meistringsstrategiar, som problemløysing og det å søkja sosial stønad, var berre i liten mon knytte til vanskar med familie og sosialt liv. Dette kan koma av rett bruk av meistringsstrategiar; dei som har vanskar, nyttar meir enn dei som ikkje har vanskar. I denne studien var det etter måten få som tykte dei hadde vanskar med familie og sosialt liv. Det kan òg koma av at dei tilsette ikkje tykkjer dei har røynleg kontroll over tilhøva det gjeld.
Dei passive, kjenslefokuserte meistringsstrategiane, som sjølvåtfinning og ynsketenking, var i større mon knytte til det å ha vanskar med familie og sosialt liv, og ikkje ha nok tid til seg sjølv, familie og vener. Me kan likevel ikkje seia noko om årsakssamanhengen, ettersom dette er ein tverrsnittsstudie. Det er kor som er positivt at desse meistringsstrategiane ikkje vart nytta i særleg stor mon i utvalet.
I denne undersøkinga synte det seg at locus of control var knytt til dei passive, kjenslefokuserte meistringsstrategiane, og ikkje til dei problemfokuserte meistringsstrategiane som gjete på.
Som ei slutning kan ein seia at deltakarane i studien rapporterer om fåe vanskar knytte til familie og sosialt liv som ei fylgje av skiftarbeid. Dette kan i sumt uttydast med fritida som er knytt til skiftordningane i den norske petroleumsindustrien. Det kan òg sluttast at individuelle skilnader som locus of control og bruk av ulike meistringsstrategiar har noko å seia for familien og det sosiale livet åt skiftarbeidarane.
Andre artikler knyttet til temaet
Arbeidstid:
Helse, mestring og skiftarbeid i offshore-sektoren (1077)Nattarbeid og brystkreftrisiko blant sykepleiere (1089)Petroleumsundersøkelsen om skiftarbeid, søvn og helse (PUSSH) (1107)Skiftarbeid og helseeffekterArbeidstid og sosiale konsekvenser Arbeidstid og helseSkiftarbeid, arbeidsmiljø, søvn og helseRisiko for brystkreft blant sykepleiereFamilieliv og sosialt liv mellom skiftarbeidararArbeidstidsordninger i petroleumsvirksomhetenAlternativ planlegging av arbeidstidenKortere arbeidsdag reduserer nakke-skulderplagerSkiftarbeid blant petroleumsarbeidere