Avdeling for arbeidsmedisin og epidemiologi
Avdeling for arbeidsmedisin og epidemiologi har hovudfokus på kartlegging av mogeleg samanheng mellom arbeidsmiljø og sjukdom.
Avdelinga gjennomfører forskingsprosjekt innanfor reproduksjon og kreft (landbruk, mykotoksin, silisiumkarbid), mogelege skadar på nervesystemet (mangan, kviksylv, straumstøyt, akrylamid, dykking osb.), lunge/luftvegar (landbruk, organisk støv, silisiumkarbid, gjødseldumbe, sementstøv, dykking) og inneklima. Dei siste åra er det òg igangsett fleire større prosjekt knytte til inkluderande arbeidsliv, og førekomst av arbeidsrelaterte helseplager i folket.