Energiomsetning under tungt kortvarig arbeid (0116)
Prosjektperiode: 1999 - 2012
Prosjektbeskrivelse
Mål og problemstilling: Tungt fysisk arbeid krev auka energifrigjering i kroppen, og det vil seia at ein må kunna ta opp mykje oksygen. Svært tungt fysisk arbeid fører og til anerob energifrigjering med opphoping av mjølkesyre. Er arbeidskravet for stort i høve til yteevna, vert ein fort sliten. Då yter ein dårlegare. Det kan og auka faren for ulukker.
Målet er å sjå nærare på kva som skjer i kroppen under tungt fysisk arbeid, til dømes kva som skil godt trena frå dårlegare trena personar. Ikkje minst vil ein sjå på kva for minstekrav ein lyt stilla til personar med fysisk krevjande arbeid, til dømes røykdykkarar, og korleis ein best kan testa slike eigenskapar.
Bakgrunn: Røykdykking er fysisk krevjande, og ein lyt ha minstekrav til ein røykdykkars fysiske yteevne. Ein manglar nærare kunnskapar om kor tungt arbeidet er og kva for delar av arbeidet som er særleg tungt. Ein manglar i dag og høvelege testar. Det vert i tillegg sett nærare på kva som skjer i kroppen i samband med tungt fysisk arbeid.
Material og metodar: Det er gjort forsøk der brannmenn har gjennomført simulerte redningsinnsatsar medan ein målar kor tungt de arbeider og ser på kor fort dei greier å gjennomføra fastsette arbeidsoppgåver.
Resultat: Godt trena brannmenn tek opp meir O2 under ei simulert redning enn det dårlegare trena brannmenn gjer, og dei best trena gjennomfører arbeidet fortare. Dårlegare trena brannmenn gjer ikkje alltid arbeidet fort nok i høve til dei krava ein lyt stilla, og det taler for at ein må setja minstekrav til mannskapet. Ein lyt og vurdera å få betre og meir tilpassa testar for innsatspersonell.