STAMI kan gi råd om arbeidsmiljøet ved graviditet
STAMI har si eiga rådgjevingsteneste for gravide. Rådgjevingstenesta jobbar med problemstillingar knytta til graviditet og arbeidsmiljø, og kan gi råd til bedriftshelsetenester og gravide tilsette dersom arbeidsmiljøtilhøva er kompliserte.
Statens arbeidsmiljøinstitutt jobbar dagleg med problemstillingar knytta til graviditet og arbeidsmiljø, og instituttet har ei eigen spesialteneste som gir råd i høve til risikofylt arbeidsmiljø for gravide. Tenesta er forankra i dokumentert kunnskap, dels frå eigen forsking og dels frå andre si forsking.
Det er arbeidsgjevaren si plikt å vurdera om påverknad frå arbeidsmiljøet kan gje auka risiko for forplantningsskader hos arbeidstakarar. Det er slått fast i Arbeidstilsynet si forskrift "Forplantningsskader og arbeidsmiljø" fra 1995. Det er og arbeidsgjevar si plikt å sørgje for at gravide ikkje vert utsette for noko slags form for risikabel eksponering i arbeidsmiljøet.
HMS-arbeid retta mot gravide
Forskningssjef Petter Kristensen seier at tilrettelegging for gravide bør vera ein del av det systematiske HMS-arbeidet i bedrifter der det er kvinner i fruktbar alder. Det kan vera for seint å byrja å tenkje på dette når den gravide bankar på døra.
Erfaring syner at kunnskapen om HMS-arbeid generelt er mangelfull, og særleg er det lite fokus på å driva HMS-arbeid retta mot gravide. I ulike sektorar arbeidslivet er det ulike risikofaktorar ein må ta omsyn til, men for alle desse sektorane kan auka fokus på HMS-arbeid retta mot dei gravide føre til at sjukefråvær under svangerskapet går ned, og at arbeidsrelaterte forplantningsskader på fosteret minkar i omfang.
Det systematiske HMS-arbeidet bør ha ein strategi for korleis ein skal tilretteleggja arbeidet slik at den gravide får ein sikker arbeidsplass. Både fysiske, biologiske og kjemiske faktorar må vurderast. Bedrifter med kvinner i fruktbar alder som jobbar med til dømes kjemikaliar (spesielt løysemiddel) forureinande industri, tungt fysisk arbeid slik som i helsesektoren og barnehagar, bør tenkje særskild på å ha ein strategi som kan nyttast når nokre av dei tilsette vert gravide.
Det er viktig å gi kunnskap til dei gravide slik at dei ikkje går rundt og er bekymra utan grunn. Bekymringa kan i seg sjølv bli ei belastning. Om ein ikkje klarar å fjerne frykta, kan det vera aktuelt å gi den gravide andre arbeidsoppgåver, seier Kristensen.
Andre artikler knyttet til
Graviditet:
Gravid og i arbeidGravide som arbeidsmiljøindikatorNattarbeid og gravideKrav om godt arbeidsmiljø omfatter også det ufødte barnetHMS-arbeid og gravide arbeidstakereSTAMI kan gi råd om arbeidsmiljø ved graviditetGravide og støy i arbeidslivetGravid i arbeid på laboratoriet - utgjør kjemisk arbeidsmiljø en risiko?