Stutt soge
Direktoratet for arbeidstilsynet byrja i 1947 eit laboratorium for kjemisk analyse og vurdering av eksponering i norsk arbeidsliv. I 1963 vart eit Yrkeshygienisk institutt oppretta ut frå dette miljøet, underlagt Kommunal- og arbeidsdepartementet.
Dette instituttet vart snart omdøypt til Arbeidsforskningsinstituttene, då dei nyoppretta institutta for Arbeidsfysiologi og Arbeidspsykologi, og i 1981 då Muskelfysiologisk institutt, kom til. I 1986 vart Arbeidspsykologisk institutt utskilt under namnet Arbeidsforskningsinstituttet (AFI). AFI jobbar hovudsakleg med bruksforsking, det vil si praktisk forsking, innan organisatoriske og psykososiale tilhøve.
Dei tre attverande institutta vart samanslegne under namnet Statens forskningssenter for arbeidsmedisin og yrkeshygiene, som i 1988 skifte namn til det noverande Statens arbeidsmiljøinstitutt.